onsdag 3. mars 2010
Et Dukkehjem
Den siste tida på skolen, har me jobba me Et Dukkehjem som er skreve av Henrik Ibsen. Stykket er verdskjent fordi det har skapt mykje oppmerksemd. Stykket handlar om Nora og Helmer. Dei er gift, og det virke som dei har eit perfekt forhold. Under overflaten kan me sjå at Nora skjuler ein mørk hemmelighet. Ho har ikkje vært ærlig mot mannen sin, og prøve og skjule det på best mulig måte. Etterkvart sprekker fasaden, og Nora vil komme seg bort frå mannen sin. Ho vil at eit vedunder skal skje, men når Helmer finn ut at Nora ikkje har snakka sant, blir han forbanna. Nora skjønner med ein gang at ho må komme seg bort frå Helmer, og på denne tida var dette uhørt. Det var tross alt eit mannsdominert samfunn. Helmer er opptatt av at andre skal sjå på dei som eit perfekt par, så han vil ikkje Nora skal dra. Ho har på ein måte vert ei dukke i heimen, som bare har vert der for å gje eit godt inntrykk. Ho har ikkje kunne hatt sine eigne meiningar om noko.
Finnes Nora i dagens samfunn? Ja, eg meinar ho gjer det. Ikkje bare i vestlige land, men også i Noreg. Det finnes mange kvinner som ikkje får meine det dei vil, og som blir undertrykt. Men, eg meinar at noko av det viktigaste i eit forhold er ærligskap og truskap, og Nora og Helmer manglar begge deler.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar